Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/79

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
79

vilde jamvel paa siidste Thing hava voret med og laant 5 Millioner til Jernbaner. Han vilde laana og driva stort — hava eit „Civilisationsbudget“, som han sagde — han vilde hava det frie Kapsprang i Næringsvegen millom vaart Land og Utlandet, anten det so var rimelegt eller ei, at vi kunde staa os i Kaplaupet. Han vilde, som i alt sagt lenger framme, hava dei fleste Ombod og dei største Løner. Soleids som vaart Land er lagad, kan du derfor trygt segja, at vilde den Jaabækske Stat staa still, so maatte den Schweigaardske springa i Lufta eller bli busliten (fallit).

Det er ein forunderleg Motsetning denne hans Næringsfridom med hans ufrie Ubfatning af mange Ting, som skulde synes at liggja dette Matstræv nær, sosom Utbetringer i Sportel-, Inkassations-, Forliis-, Formyndar-, Skyts-, Skyldsetnings- og mange andre slike Smaavæsen, som ganga ut paa at løysa Livet fraa mange Baand. Og du kan omtrent med eit Ord segja, at han var imot alle desse smaa Rettarbøter, som kom fram paa Thing etter Thing og ganga i denne frigjerande Retning. Det vilde vera for uædelt at segja, at han stod imot alt dette, for at Embætsverket ikke skulde misse nokot af si Intekt og Storleiken sin. Det maatte vera hans Uvilje mot at at rulla med det juridiske System, som han hadde gjort somyket for at setja i Stil. Og so var det vel hans Rædsla for Folkemagta, som han so tidt uttalad og mest, som vi hava seet paa Thinget i 1848. Ja, han dreiv denne Rædsla sovidt,1at han vilde at den store Sjøsartslog skulde liggja uvigslad (usanktionerad) fraa Thing til Thing, berre for det vardt vedtekjet, at der skulde vera eit Slags „folkelegt Element“ med i Sjøretten. Naar han som in paa denne sin, Demophobi eller Folkesælske, so fekk Sjøfart og