Denne siden er korrekturlest
Eg synes sjaa den sæle Dag,
daa alle Mann er like,
og Alt er Ty af sama Slag,
og Alle like rike.
„Blaamann“, „Blaamann“, Bukken min!
tænk paa vesle Guten din!
Bjørnen med sin lodne Feld
kan deg taka seint i Kveld.
Gamle „Lykle“, Moder di,
seint kom heim med Bjølla si.
So ikring seg hun mund sjaa,
liksom der var Faare vaa.
Det saag ut, som der var Naud,
kanskje no du ligger daud.
Tidt du dansad kringom meg,
mangt eg rødde daa med deg.
Naar eg laag som blind og dauv,
grov du paa meg med di Klauv.
Ja, du vilde vekkja meg
up til Leiken din med deg.
Du var spræk og glad og god,
all min Ros du vel forstod.