Side:Tolstoi-boki.djvu/86

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Peter. Ja kva seier du so, far Akim?

Akim. Eg? Jau for meg kan han gjerne ha sin vilje, naar han berre ikkje, som dei seier .... Tingen er, eg vilde nok helst, som dei seier....

Matrøna. Aa, du veit ikkje sjølv, kva du seier. Guten vert her han er. Sjølv hev han ingen hug til aa taka burt. Kva hev han heime aa gjera? Det arbeidet greier me nok sjølve.

Peter. Eg vil berre seia deg ein ting, Akim: tek du han heim i sumar, hev eg ingen bruk for han til vinteren. Skal han vera her, maa det vera for aaret.

Matrøna. Ein kan vita det. Skulde me turva hjelp til hausten kan me altid faa oss ein arbeidsmann. Nikita vert her, og dei ti rublarne...

Peter (til Akim). Kva vert det so til? Skal det so vera for eit aar?

Akim (med ein tung sukk). Naar det ikkje anleis kan vera, so lyt det so vera.

Matrøna (til Peter). No, so stend den ting fast: Nikita vert her eit aar til. Kva løni vedkjem, so er du ikkje den mann som gjer nokon uskjel, og guten fær nok det han er verd. Dei ti rublarne vilde eg likevæl gjerne be deg um aa lata oss faa med det same. Me treng so saart til dei. Seg ikkje nei, Peter Ignatisch, det bed eg deg um. (reiser seg og nigiar djupt for han).