Side:Tolstoi-boki.djvu/85

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Eg veit ikkje noko, seier eg. Eg hev slett ikkje havt noko med ho. (buser upp). Giv eg maa døy her eg stend um det ikkje er sant! (krossar seg.) Eg veit ingen ting. (Togn; kvassare). Kva skal det seia at de plent vil gifta meg med henne? Det er beint fram ei skam! No til dags gjeng det ikkje lenger aa gifta folk med magt. Det er tingen. No hev eg gjort min eid paa det; so kan de daa sjaa at eg veit ikkje noko.

Matrøna. Det er tingen. Den gamle tullemikkel! Kva ein so set i han, so trur han det. Der hev du no berre gjort sonen din harm. Det beste me kan gjera er aa lata han vera her han er. Peter Ignatisch gjer nok so væl at han hjelper oss med ei 9—10 rublar. Med tidi...

Peter. No, Akim, kva seier du?

Akim (til sonen). Gløym ikkje, Nikita: «Fals slær sin eigen herre paa hals.» Dei taaror ho græt, vil du faa svida for seinare. Pass paa...

Nikita. Kva er der aa passa paa; du kan sjølv passa paa. (set seg paa benken).

Anjutka (avsides). Det maa eg ut og fortelja mor. (spring ut.)

Matrøna. No, so vert det altso ved det gamle daa, Peter Ignatisch. Gubben min er no ikkje anleis. Hev han fyrst sett seg eitkvart i hovudet, so fær ein det ikkje fraa han, kor dumt det er. Me hev berre gjort deg umak til ingen nytte. Nikita vert altso her han er, og skal berre sjaa til og lyda husbonden sin.