arbeid er det. Og god løn. Og so er det best — og kristsømelegt. Ho hev korkje far elder mor. Soleis kjøpte grannen vaar i sumar brenneved hjaa forvaltaren. Det skulde no vera paa ein sers maate det. Dei tenkte aa narra det fraa han. Og forvaltaren narra dei, men ikkje Vaarherre! Tingen er...
Nikita. Det kom bod etter meg (han set seg paa benken ved døri og tek fram ein tobakspung).
Peter (stilslegt) Kva er det for aatferd; far din vil tala med deg, og so lagar du deg til aa røykja, og set deg ned attaat! Reis deg upp og kom her hit.
Nikita (gjeng ublugt burt til bordet og ser smilande fram for seg).
Akim. Ser du, Nikita, tingen er, dei kjem med klagemaal over deg, klagemaal skynar du.
Nikita. Kven fraa?
Akim. Kven fraa? Fraa gjenta, veit du, den foreldrelause gjenta. Det er Marinka, skynar du, som klagar over deg.
Nikita (lær): No skal ein høyra! Kva er det so ho hev aa klaga over? Hev du det fraa henne?
Akim: Det er eg no, forstend du, som held forhøyr, og det er du som skal svara. Tingen er, hev du bunde deg, skynar du; hev du bunde deg til henne?