Hopp til innhold

Side:Tolstoi-boki.djvu/82

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Matrøna (til Peter). Ja det var rett. Det kunne aldri vera betre. Lat knøsen sjølv svara for seg Notildags gjeng det ikkje lenger aa gifta folk imot deira vilje. Ein maa og høyra kva karen hev aa seia. Han vil aldri i livet gifta seg med Marinka. Eg skynar ikkje betre en at han vert verande her han er, og gjer kva han kan, so at husbonden hans kan vera nøgd med han. Det er no helder ingen grunn til aa taka han heim i sumar. Nei, lat oss helder faa ei 9—10 rublar, so leiger me ein arbeidsmann, og Nikita ver her han er.

Peter. Det kan me altid koma til liks um. Der maa vera orden i tingen. Lat oss fyrst verta. ferdige med det eine, so kan me altid talast ved um det andre.

Akim. Det er just min meining, Peter Ignatisch. Tingen er, ein tenkjer berre paa korleis ein sjølv skal faa det godt, og gløymer Vaarherre. Ein tenkjer aa venda tingen til sitt beste; men fyrr ein ser seg um, hev ein løypt seg utfor ufsen. Ein tenkjer aa gjera det godt, men utan Vaarherre gjeng det likevæl gale.

Peter. Det er sant; ein maa ikkje gløyma Vaarherre.

Akim. Lat det gjerne falla tungsamt: naar ein veit at ein gjer etter lov og rett, kveikjer det altid upp. Ein fær slik ein ihug... Eg tenkjer som so: Du maa gifta guten; ein maa gjera rett og skjel. So vert han heime og gjer det han skal, med’ eg heng i inne i byen. Eit godt lite