Side:Tolstoi-boki.djvu/74

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


du ha rett i; men det er likevæl best aa tenkja seg fyre. Lat oss fara til sonen vaar», seier eg «og med det same kan me høyra oss fyre hjaa Peter Ignatisch kva han meiner um den ting». Og so tok me daa hit.

Anisja. Aa, Matrøna, eg er so rædd. Dersom no gubben din likevæl vil at sonen skal gifta seg?

Matrøna. Han vil? Lat han raada med katten, men ikkje tala med her. Nei, ver du trygg; det skal det ikkje verta noko av. Eg vil no røa med din gamling, og du skal sjaa kor fint eg skal spela korti mine, aa, so fint, at ingen av dei skal merka det bitterste grand. Javist! Guten hev det so godt som tenkjast kan; og meir godt hev han i vente; og so skulde eg gaa av og binda han til ei gatetaus? Eg er daa ikkje gali, veit eg!

Anisja. Ho rende etter han her og, — denne Marinka. Eg seier deg, Matrøna, daa eg høyrde at de vilde gifta han, var det som einkvan hadde stukke meg i hjarta med ein kniv. Eg trur likevæl han held av henne.

Matrøna. Aa, kvar vil du hen! Han er daa ikkje tullen. Kor kan du tru at han vilde kasta sin elsk paa slik ei taske, som korkje hev hus elder heim. Nei, Nikita er ikkje so dum, maa du tru. Han veit nok kven han skal halda av. Ver du ganske trygg, fluga mi. Me tek han aldri i livet herifraa, og tenkjer likso lite paa aa faa han gift. Berre de no kunne gjera so væl og hjelpa