Side:Tolstoi-boki.djvu/49

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


»Haldt berre ved, godt folk,« sa denne, »eg hev og hug til aa høyra kva den gode mannen fortel.«

»Jau, fiskaren her fortel oss um dei tri gamlingarne,« sa ein kjøpmann fraa byen som var snøggare paa det en hine.

»Kva for tri gamle?« spurde bispen, gjekk nærmare og sette seg paa ei kasse som stod utved rekkja. «Lat meg og faa lov aa høyra. Kva var det du synte folket.«

»Jau det ligg ei liti øy der langt burte.« sa fiskaren og peikte med handi tilhøgre ut for framstamnen. »Paa denne øyi bur det tri gamle menn som berre tenkjer paa aa berga sjæli.«

»Kvar er den øyi?« spurde bispen.

»Gjer so væl, høgvyrde bisp, og sjaa der eg no held handi. Der stend ein liten skydott, og ned til vinstre for den kan ein skimte ei stripe.«

Bispen gløste og gløste paa vatnet som laag der og glitra i soli; men daa han var so lite sjøvand kunne han ingenting sjaa. »Nei eg ser ingenting,« sa han. »Men kva er det for folk daa som bur paa den øyi?«

»Det er tri gudelege menn,« svara fiskaren; »eg hev lenge høyrt tale um dei og ikkje set dei; men ifjor sumar fekk eg endeleg sjaa dei.« Og han gav seg no til aa fortelja kor han dreiv inn paa øyi ein kveld han var ute og fiska, og ikkje visste kvar han var komen. So snart det vart dag gjekk han rundt for aa sjaa seg ikring. Han