Side:Tolstoi-boki.djvu/48

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Paa eit skip som gjekk fraa Archangelsk til Solôfki[1] var det millom alt ferdafolket ein bisp fraa klosteret. Det var klaart ver, og daa dei hadde medbør gjekk skipet lett over sjøen. Heile dekket var fullt av ferdafolk. Sume sat halvsov, andre aat, elder rødde saman.

Bispen som var komen ut av kahytta for aa trekkja frisk luft, gjekk att og fram paa dekket. Han vart vâr ein bonde som sat i framstamnen med ein heil flokk andre ikring seg og fortalde eitkvart, medan han peikte med handi ut over havet. Bispen stansa og saag dit mannen peikte, men der var ikkje noko aa sjaa anna havet som laag glima i soli. Han gjekk nærmare for aa høyra kva det var bonden fortalde; men denne som hadde fenge auga paa han, braatagna, og skunda seg aa faa huva av seg; dei som stod ikring gjorde slikslag, og bukka vyrdsamt for bispen.

  1. eit kloster paa ei øy i Kvite-havet, vidgjeti for sine mange helga-luter.