Side:Tolstoi-boki.djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Kona hans var død for mange aar sidan, og han sat att med ein liten triaarsgamal gut; denne tok seg gildt upp, og Martin var useiande glad i guten.

Men helder ikkje sonen sin fekk han ha lenge hjaa seg; daa han hadde vorte saa stor, at han kunne vera faren noko til hjelp, vart han sjuk, og døydde ei vikes tid etter. Dette gjekk hardt inn paa Martin. Han kjende seg so reint aaleine og usæl og berre ynskte han maatte faa døy. Tenkte han paa Gud, var det med harm, for alt det han lét han gaa igjenom; og han slutta reint aa gaa i kyrkje.

Men ein dag kom det ein kjenning fraa landet til Martin, ein gamal mann liksom han sjølv, og som no i aatte aar hadde tent Gud med bøn og faste. Dei hadde kje tala lenge saman fyrr Martin tok til aa klaga si naud.

«Eg er so leid av livet,» sa han; «berre eg kunne faa døy. Eg bed ikkje Gud um anna. Eg hev ikkje noko aa liva for her i verdi.»

«Du hev urett i det,» tok venen til ords, «det er ikkje vaar sak aa døma um kva Storemannen hev tenkt med oss. Det gjeld ikkje um kva me meiner, men kva Gud vil. Gud vilde, at sonen din skulde døy, og du liva; altso er det best som det er. Naar du er so fraa deg, so kjem det av at du berre vil liva for aa ha glede av livet.»

«Ja, kva skulde ein elles liva for?» spurde Martin.