Side:Tolstoi-boki.djvu/28

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


«For aa gjera Gud tillags,» svara den gamle. «Gud hev gjeve deg livet, og daa er det han du skal liva for. Tek du fyrst til aa liva for honom so vil du ingi sut gjera deg meir, og du skal sjaa kor all ting vil falle deg lett.»

Martin tagde litt. So sa han:

«Men kor skal ein bera seg aat med aa liva for Gud?»

Gamlingen svara:

«Korleis ein skal liva for Gud? Det hev Kristus synt oss. Du kan daa vel lesa? Kjøp det nye testamente og les det. Der vil du faa vita korleis ein skal liva for Gud. Det stend der alt saman.»

Martin tok seg aalvorlege tankar av dette, og same dagen gjekk han av og kjøpte eit nytestamente med stor stil, so han kunne ta paa aa lesa med det same. Han hadde fyrst tenkt at han berre vilde lesa i det um sundagarne; men daa han fyrst hadde teke til, vart han so glad i lesnaden at det ikkje gjekk ein dag minder han las i det.

Stundom kom han so inn i lesnaden, at han ikkje var god til aa riva seg laus fraa boki endaa lampen vilde slokna. Kvar kveld las han; og di meir han las, di betre forstod han kva Gud kravde av han, og kor ein skulde bera seg aat med aa liva for Gud. Det var som det var dotte ein stein fraa hjarta hans. Fyrr naar han gjekk tilsengs laag han jamt og stunde og var ikkje god