Side:Tolstoi-boki.djvu/239

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

sviv rundt. Best ein sit høgt tilvers, so snur lukka seg og ein ligg der. Korleis er det. Er han usæl, og gremjar seg?»

«Eg maa seia eg veit ikkje. Han liver stilt og roleg og gjer sitt arbeid traust og godt».

«Kan eg faa prata litt med han spurde gjesten. «Eg skulde ha moro av aa spyrja han ut um noko av kvart».

«Du veit det,» svara verten og ropte Ilias inn.

«Sjaa her far, vil De ikkje ta eit glas med oss. Bed kona og koma inn.»

Ilias henta henne. Dei helsa paa gjesterne og sette seg innaat bordet.

«Naa far, det er vel vondt for Dykk aa sjaa oss sitja her og gjera oss tilgode, naar De minnest kor grumt De sjølve hadde det i gamle dagar. Daa var De lukkelege, men sjaa no, sa gjesten.

Daa log Ilias, og sa :

«Skulde eg fortelja deg kva som er lukke, og kva som er vanlukke, so vilde du ikkje tru meg. Spør helder kona mi. Ho er eit kvinfolk, og dei hev vandt for aa løyna si hjartans meining. Berre spør ho, du, so fær du sanningi aa høyra.»

Gjesten sa daa til den gamle kona:

«Ja ja daa, mor, kva tenkjer so De um Dykkar tunge lagnad?»

Daa svara ho:

«Jau det skal eg rett seia deg. No hev kallen min og eg livt isamans i femti aar. I