Side:Tolstoi-boki.djvu/233

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

kvendet, so ho totte synd i dei og vart glad dei. Og det som held folk ilive er ikkje det at dei syter for seg sjølve, men at det er hjartelag i menneskja.

Eg visste, at Gud hev gjeve menneskja livet og vil, at dei skal liva, men der var noko som eg ikkje visste, og som eg fyrst no forstend.

Eg forstod, at Gud ikkje vilde at menneskja skal liva skilder aat kvar for seg, og at Han av den grunn ikkje læt kvar iser faa vita kva han treng; Han vil at dei skal liva saman med kvarandre, og lærde dei daa kva alle hev torv til, ein som alle og alle som ein.

Eg forstod no, at det berre ser soleis ut, at det som held folk ilive er umsumt for seg sjølve og ikkje kjærleik til næsten. Den som er i kjærleilk, er i Gud og Gud i honom, avdi Gud er kjærleik.

Her sette engelen i ein lovsong til Herrens ære so stoveveggjerne skolv. Loftet opna seg, og der stod ein eldloge fraa jordi upp til himmelen. Semjon, Matrøna og baani fall paa kne med ansigtet mot jordi. Vengjor voks ut or engleryggen og han lyfte seg upp til himmels.

Daa Semjon saag upp, var stova som fyrr; men det var berre han og kona og baani att i romet.