Side:Tolstoi-boki.djvu/232

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

framandt kvende ale dei ved sin eigen barm». Eg saag taarorne hennar og kor vyrk ho var for annamans baan, daa saag eg med det same at Gud var livande i henne, og forstod kva det er som held folk i live. Eg skyna at Gud hadde synt meg det tridje og siste ordet, og eg smilte tridje gongen.

XII.

Mikael stod der no som ein engel, og det skein av han so augo knapt kunne tola aa sjaa paa han, og han tok til ords med eit mæle plent som ei røyst fraa himmelen:

— Eg hev røynt, at det som held folk ilive, det er ikkje sut for seg sjølv, men kjærleik til medmenneskja.

Det var ikkje moderi give aa vita kva som bata baani hennar best. Det var ikkje den rike mannen give aa vita kva som tente han best. Og det er ingi menneskja give aa vita, um det er styvlar til ein livande, elder liksko til ein avliden, som fyrst trengst.

Heldt eg livet uppe med’ eg var menneskje, so var det ikkje avdi eg sytte for meg sjølv, men avdi det var hjartelag i den framande mannen, og avdi kona hans hadde medynk med meg og huglagde meg. Heldt dei foreldrelause livet uppe, so var det ikkje avdi bøndrane sytte for dei, men avdi det var hjartevarme i det framande