Side:Tolstoi-boki.djvu/224

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


— Framandfolks baan! Og so er du so glad i dei!

— Ja, kvi anna? Eg hev sjølv ale dei. Mitt eiget baan hev Vaarherre teke; men eg var ikkje gladare i det en i desse.

— Men kven høyrer dei til daa?

IX.

Kona som no hadde fenge munnen paa lôs gav seg til aa fortelja:

Det er vel no ei seks aar sidan. Paa ei og same vike vart desse tvo foreldrelause. Faderen vart jorda tysdagen, og fredagen døydde moderi. Eg var nett gift den gongen og mannen min hadde ein liten bondegard like ved. Me var grannar og lyddest um kvarandre dagstødt. Faderen var timmerhoggar. So hende det ein dag at han feilte eit tre nedover seg. Det var so vidt dei fekk han heim fyrr han slokna; og same vika fekk kona tvillingar, desse tvo smaa de her ser. Det var berre armod i huset, og den stakkars kona hadde kje eit menneskje til aa hjelpa seg. Aaleine var ho daa baani kom, og aaleine var ho daa ho døydde. Um morgonen daa eg kom inn og vilde sjaa til henne, laag ho kald og stiv. I dødsstriden hadde ho lagt seg over den eine gjentungen — ho her — og vunde foten skjeiv. Huset vart snart fullt av folk, liket vart vaska