Side:Tolstoi-boki.djvu/223

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


fyrr; men det gjer ingen ting. Mikael skal nok vera mann for aa greia det verket.

Med desse ord snudde Semjon seg til Mikael som hadde lagt arbeidet ifraa seg og sat stirde paa smaagjentorne. Semjon undra seg over dette. Det var nok eit par velsigna søte smaagjentor, og nett klædde var dei, men Semjon kunne daa ikkje skyna, kvi Mikael sat og einstirde paa dei plent som han skulde kjenna dei.

Semjon gav seg i snakk med kona, og daa dei var komne tilliks um prisen og han skulde til at ta maal, tok kona den halte gjenta paa fanget og sa:

— Tak du berre tvo maal av denne her, og gjer ein sko til den kleine foten og tri til den friske. Dei hev jamstore føter; det er tvillingar.

Semjon tok maal, saag paa den halte gjenta og sa:

— Kor bar det til at ho vart halt, den vesle vakre gjenta? Elder hev ho havt det fraa mors liv av?

— Nej, det var moderi som laag henne forderva.

Matrøna vart no nyfiki etter aa faa vita kven kona var, og kven som var mor til gjentebaani, so ho la seg uppi samrøa.

— Er ikkje du mor deira daa?

— Nei, kross, eg er korkje mor til dei elder skyld dei. Det er framandfolks baan som eg hev teke til meg.