Side:Tolstoi-boki.djvu/221

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

opna vogndøri, laag han daud som ei sild. Me hadde so nær ikkje fenge han ut. Frua sende meg no hit med denne bod: «Seg til skomakaren, at der hev vore ein herremann med noko leder til eit styvlepar. Seg, at no kan det vera det same med styvlarne, og lat han istaden gjera eit par liksko. Vent so til du fær dei med det same». Det var bodi, og her er eg.

Mikael samla restarne av lederet og tulla det saman i ein rull; tok so dei ferdige likskorne smikka dei mot kvarandre, turka av dei med angskinnet, og sende dei til kusken.

— Farvel, godt folk! sa denne, tok skorne og gjekk.

VIII.

Det gjekk eit par aar. Mikael hadde alt vore hjaa Semjon paa sette aaret; men han var støtt den same. Han gjekk ingen stad, tala lite og hadde i all denne tid berre smilt tvo gonger: den gongen Matrøna gav han kveldsmat, og daa herremannen var der. Semjon var gild av sveinen sin. Han spurde no aldri meir etter kvar han var fraa, og var berre rædd ein ting: at Mikael skulde struka fraa han.

Ein dag sat Semjon og Mikael som vanleg og arbeidde kvar ved sitt glas, Matrøna stelte med omnen og baansungarne sprang og leika seg.