Side:Tolstoi-boki.djvu/220

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

middagsleite reiste Semjon seg, og saag no at Mikael hadde saumt eit par liksko.[1]

Semjon hadde nær mist baade munn og nase. «Men kva er det, tenkte han, no hev Mikael arbeidt eit heilt aar aat meg og aldri forset seg, og so gjeng han no av og gjer eit slikt spikk! Herremannen vilde ha seg eit par sterke styvlar, og han hev saumt liksko og øydelagt emnet. Kva skal eg no gjera? Slikt leder bid ikkje i handelen».

— Kva er det du der hev gjort, din kloking. Du hev gjort meg ei stygg uskjel. Herremannen vilde ha styvlar, og kva hev du laga?

Best som Semjon skulde til aa gi Mikael ei skrape, dundra det paa døri. Daa dei glytte ut gjenom glaset, saag dei at det stod ein mann ute og batt hesten sin. Døri vart opna, og inn steig den som sist hadde fylgt herremannen.

— Godag!

— Godag! Kva godt?

— Det var dei styvlarne.

— Skulde du høyra um dei var ferdige?

— Nei, herren min treng ikkje styvlar meir Han er avliden.

— Kva seier du?

— Han naadde kje heim, dihelder. Han døydde paa vegen. Daa eg kom heim og skulde

  1. I Rusland pla dei grava liki ned med klædi paa; skorne gjer dei daa helst av eit billegare slag.