Side:Tolstoi-boki.djvu/206

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

tenkte ho, «og ikkje treng stort til kvelds, so hev me braud nok til imorgo.»

Ho snudde og vende braudskalken i handi og tenkte: «Nei, eg vil daa ikkje setja deigen i kveld. Der er berre mjøl aat eit braud til. Paa den maaten hjelper me oss til fredags.»

Dermed gjøymde ho braudet og sette seg til aa sy ei bot paa skjorta aat mannen, med’ ho grona paa kor han no vel hadde bore seg aat med aa kjøpa skinn til pelsen.

«Berre ikkje skinnhandlaren hev narra han. Han er so lite fyre seg, aalmosen. Sjølv snyter han ingen, men reine baanet kan narra han. Aatte rublar er mange pengar. Ein kan kjøpa godt skinn til den pris. Um dei ikkje er barka, so kan ein daa altid faa seg ein pels av dei. Naar eg rett tenkjer paa kor hardt det var for oss fyre vinteren me ingen pels hadde. Ein kunne korkje gaa etter vatn elder nokon stad. No gjekk han og tok med seg alt det me hadde, so sjølv hev eg ingen ting aa ta paa meg. Han maa no elles snart vera her. Berre han ikkje gjeng paa vertshuset, gamle kroken!»

I det same gniksa det i troppi, og det var einkvan som tok i døri. Ho la saumen fraa seg og gjekk ut i framstova. Der fekk ho sjaa Semjon og ein framand bonde, som fylgde med han berrhovda og med filtsko paa føterne.

Matrøna kjende svint at det lukta brennevin av Semjon. «So hev han daa vore paa ølstova!»