Side:Tolstoi-boki.djvu/202

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

i veg. Kven kan vita kva menneskje dette er, elder kva han hev gjort, sidan det hev gjenge soleis med han? Gjeng ein no burt til han, og han fer upp og tek ein so i kverken at ein vert av med livet med det same? Og skulde han ikkje ha det paa den maaten, kan ein faa mas nok med han lel. Kva skal ein gjera med han, naken som han er? Ein kan daa ikkje klæda seg sjølv naken og gi burt det siste ein eig. Gud gi ein berre var væl herifraa!»

Skomakaren gjekk vidare og var alt komen eit godt stykke fraa kyrkja, daa samvitet slo han, og han vart standande midt paa vegen.

— Kva er det du gjer, Semjon? sa han til seg sjølv. — Der ligg eit menneskje og umkjemst; men du vert rædd og gjeng framum. Hev du kanskje vorte so rik no med éin gong og er rædd dei skal plundra deg for all din rikdom? Det er ikkje pent av deg, Semjon! Med desse ord snudde han og gjekk burt til mannen.

II.

Daa han var komen so nær at han kunne sjaa, viste det seg at det var ein sterkbygd ung mann som ikkje hadde lide minste overlast paa kroppen; han var berre fælt forfrosen og forskræmd, og sat studde seg upptil veggen utan aa sjaa paa Semjon, og saag ut til aa vera so avkrefta at han ikkje kunne faa upp augo desmeir.