Side:Tolstoi-boki.djvu/183

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


(Matrøna kjem. Daa Nikita fær sjaa mor si dreg han hovudet ut or lykkja og legg seg i halmen).

Matrøna (skunda seg burt til han). Nikita! Nikita! — Ein skal sjaa han svarar ikkje, dihelder! Kvar vart det av deg Nikita! Du er daa ikkje full? Kjære sonen min, gakk no inn. Folk vert reint tolmodslause av aa venta so lenge paa deg.

Nikita. Aa, kva hev de gjort med meg? Eg er slett ikkje menneskje meir.

Matrøna. Kva er no det? Kom no inn og gjev di signing som seg sømer. So kan du daa gaa din veg sidan. Gløym ikkje at dei stend venter paa deg allesaman.

Nikita. Kor skal eg kunne signa?

Matrøna. Visst veit eg det. Men kven er det eg skal signa? Kva er det eg hev gjort imot henne?

Matrøna. Gjort imot henne? Jau det var daa noko aa tenkja paa! Det er ingen som veit det minste, ikkje ein katt. Og sjølv er ho daa viljug.

Nikita. Viljug?

Matrøna. Du veit der er otte med i spelet; men ho gifter seg daa. Og kva anna skal ho vel gjera? Det skulde ho ha tenkt paa fyrr. No er det for seint aa slaa seg vrang. Trulovarane hev helder ikkje noko aa klaga over. Dei hev set gjenta heile tvo gonger, og so hev ho daa mange pengar. Nei, du kan tru den sak er i gode hender.