Side:Tolstoi-boki.djvu/182

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

domen over meg! (kastar seg aagruve). Kvar skal eg gjera av meg? Giv eg kunne søkka i jordi her eg ligg!

Anjutka (fær auga paa Nikita og spring burt til han). Far, vesle far! Dei leitar etter deg. Alle dei andre hev signa brudi. Gudfar med, hjelpe meg! Kom no inn, elles vert dei vonde.

Nikita (for seg sjølv). Kvar skal eg løyna meg?

Anjutka. Kva? Kva seier du?

Nikita. Eg? Eg seier ingen ting. Kva er paa tids med deg?

Anjutka. Far! kom no! — (dreg han i handi). Kom no inn og sign brudfolket. Du kan tru meg naar eg seier det: dei er harme og brukar munn for at du ikkje kjem.

Nikita (riv handi til seg). Lat meg vera!

Anjutka. Men kva er no det for noko?

Nikita (trugar til henne med reipet). Gakk din veg, seier eg. Eg skal gi deg!

Anjutka. Ja, so sender eg mor her ut (spring).

Nikita (reiser seg). Kor skal eg kunne gaa inn? Kor skal eg kunne ta heilagbilætet i mi hand? Kor skal eg kunne sjaa henne i auga? (legg seg att). Aa, giv der var eit hol i jordi her eg ligg, so eg kunne søkka ned i det! So var der ingen som saag meg, og sjølv slapp eg sjaa nokon, (reiser seg upp). Nei, eg gjeng ikkje inn — fanden ivald med dei! — Eg gjeng ikkje, (dreg skorne av seg og slær ei lykkje paa reipet som han kastar um halsen sin). So skal det vera.