Side:Tolstoi-boki.djvu/175

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Femte vending.

Løda bak Nikita-garden. Til høgre truskelaaven, døri stend opi. Midt paa romet ligg ein avlang halmstakk. I bakgrunnen ser ein huset og garden; der inne høyrer ein av ng til song og ringling med bjøllor.

(Tvo gjentor).

Fyrste gjenta. Kan du no sjaa me naadde hit utan aa svina skorne altfor fælt til? Etter vegen hadde me aldri sloppe igjenom; han ligg daa i eit skitdike, issa! (dei stansar og turkar av skorne i halmen). Meil kveil er dette? (luter seg framover halmdungen).

Andre gjenta (slik slag). Aa, det er daa Mitritsch, drengen i huset. Det er daa svært kor han hev drukke seg full!

Fyrste gjenta'. Men han drakk daa slett ikkje, det eg veit.

Andre gjenta. Nei det viser det! So lenge ingen baud han noko; men so kunne han nok ta fyre seg av varorne.

Fyrste gjenta. Sjaa berre! Han hev kome her ut etter halm — der ligg han enno med reipet i handi; men so hev han stupna og sovna.

Andre gjenta (lyer til røyster fraa huset). Høyr! Dei syng enno der inne. So hev vel brudi ikkje fenge signing endaa. Akulina hylte nok elles slett ikkje, seier dei.[1]

  1. Det var skikk i Rusland, at brudi grét (hylte) naar ho tok avskil med sin gjentestand. Og grèt ho ikkje, tydde det, at ho vart gift mot sin vilje.