Side:Tolstoi-boki.djvu/174

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

.....høyr! det pister og kvin .... Høyrer du daa ikkje?......Høyr! Det liver .....

Matrøna (kviskrar). Slett ikkje!

Nikita. Aa, mor! Det er ute med meg. Kva er det daa de hev gjort med meg?!... Kvar skal eg gjera av meg?! (raver ut or stova. Matrøna renner etter).

Anjutka. Bestefar! kjæraste, søte ... dei hev teke livet av det!

Mitritsch (hardt). Sov, seier eg. — Giv du faa laas for munnen din! — elles skal eg gi deg av riset. Sov, seier eg!

Anjutka. Bestefar, gode venen min ... Det er einkvan som dreg i meg ... med sodan kalde labbar! ... Bestefar, min eigen gode engel! Lat meg faa koma uppaa omnen til deg. For Guds skuld, lat meg faa koma upp til deg ... Det dreg og slit i meg ... (skrik) ... Aa-aa! (sprett upp og kravlar uppaa omnen).

Mitritsch. Kor dei hev skræmt upp baansungen, dei satans beisti, — skam faa dei! Naa kom so upp daa!

Anjutka (kryp upp). Du maa kje gaa fraa meg.

Mitritsch. Kvart skulde eg vel gaa? No, kom so her inn til meg ... Aa, Herre Jesus! Barmhjartige Mikola Heilage Guds moder... Kor dei hev skræmt upp gjentungen! (breider over henne). Den vesle tussa... Skræma henne soleis ,.. Jau, dei skulde rett ha, det styggetyet, — giv dei maa faa ein agurk paa tvert i sin hals!