Side:Tolstoi-boki.djvu/163

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

(kviskrar). Eg veit det godt. Ho skal ha eit lite. Kanskje hev ho alt fenge det.

Mitritsch. Aa du med, di vesle tisehit! Giv du faa laas for tunge! Du skal daa stikka nasa di uppi alt du. Legg deg til og sov. (Anjutka legg seg). So ja (breider over ho). So ja. For mykje visdom gjer snart gamal.

Anjutka. Vil du no uppaa omnen?

Mitritsch. Ja kva elles? — Slik ein tullunge! Ho skal no ha greia paa alt. (Breider godt over ho og reiser seg). So, ligg no still og sov. (Gjeng burt til omnen).

Anjutka. Det skreik berre ein gong. No høyrer ein det ikkje meir.

Mitritsch. Aa Herre Jesus! Barmhjartige Mikola ...... Kva er det ein ikkje høyrer, seier du?

Anjutka. Det vesle.

Mitritsch. Der er daa ingen; kor skulde ein so høyra det?

Anjutka. Jau eg høyrde det — Gud hjelpe meg! Eg høyrde det. Plent som ei liti mus som piste.

Mitritsch. Jau, du hev noko saman høyrt. Men hev du so høyrt kor buven tok og smette ein slik liten gjentunge som deg nedi sekken sin og strauk med han?

Anjutka. Kva for ein buve?

Mitritsch. Han du veit; den fæle. (Kryp uppaa omnen). Omnen er rett god og varm ikveld.