Side:Tolstoi-boki.djvu/164

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Reint sælebot! Aa Herre Jesus! Barmhjartige Mikola!

Anjutka. Bestefar, du somnar daa vel ikkje?

Mitritsch. Kva meinte du eg elles skulde gjera? Syngja visor kanskje?

Anjutka (etter ei togn). Bestefar! Bestefar! Dei grev der ute; Gud hjelpe meg! dei grev. Høyrer du? Dei grev!

Mitritsch. Alt det ho daa finn paa — grev. Kven skulde vel grava midt um natti? Det er ei ku som gnuflar seg mot veggen. Og ho seier det grev! Sov no, seier eg, elles sløkkjer eg lampen.

Anjutka. Kjæraste søtaste vesle bestefar, sløkk ikkje! Eg skal ikkje meir høyra etter. Men sløkk berre ikkje. Det er so fælt.

Mitritsch. Fælt? Ver du berre ikkje rædd so er det ikkje noko fælt i det. Det er berre naar du sjølv er rædd og seier det er fælt, at det er fælt. Kor skal det ikkje vera fælt naar du sjølv er so rædd? Du er ei lita tulle er du.

(Togn. Eit lamb jermar).

Anjutka (kviskrar). Bestefar! Bestefar! Søv du alt?

Mitritsch. Kva er det no att?

Anjutka. Kva var det for ein «buve» du tala um?

Mitritsch. Jau det skal eg seia deg. Der det høver med ein tullunge som deg, der kjem han med sekken sin. Ein tvo tri — vipp! — so