Side:Tolstoi-boki.djvu/160

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Matrøna. Kva er det, vesle sonen min.

Nikita. Nei eg kan ikkje meir; eg er reint fraa meg sjølv. Mor, mor! Hav medynk med meg!

Matrøna. Aa, so upskræmd du hev vorte, stakkar. — Gakk inn og drikk litt vin! Drikk litt vin, so skal du sjaa du modast.

Nikita. Aa mor! Eg kjenner det radt inni hjarteroti. Kva er det daa de hev gjort med meg? Kor det knaska i dei smaa knokarne, og kor det kvein!... Nei, mor! Kva er det daa de hev gjort med meg? (set seg hugsprengd ned paa sleden).

Matrøna. Gakk inn, venen min, og drikk litt. Det er ikkje spøk aa ha med slikt aa gjera nattes tider. Men vent litt, so vert det snart ljost. Berre det gjeng en dag elder tvo, skal du sjaa det er ute av tankarne. Lat oss no berre faa tausi gift, so vil du slett ikkje tenkja meir paa det. Gakk no inn og faa deg litt aa drikka. Eg skal nok rydja upp i kjellaren medan.

Nikita (skjek seg som for aa driva tankarne burt). Tru dei hev leivt noko der inne? Eg vil sjaa um det kan fordriva tankarne. (Gjeng inn. Anisja gjev seg til sides for han).

Matrøna (gjeng burt til kjellaren). No, kom daa, Anisja! so skal eg hjelpa til. Eg meiner eg kryp sjølv nedi kjellaren og kastar holet til. Kvar hev han no gjort av spaden? Naa, her er han. (tek spaden og gjeng ned troppi). Anisja! Kom og haldt lykti aat meg.