Side:Tolstoi-boki.djvu/16

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


godt, vera andre til hjelp, all stad der di hjelp vert paakravd.

«For kvart menneskje som lever utan arbeid, er der eit anna mennekje som svelt i hel», seier eit gamalt kinesisk ord; og Tolstoi forstod no dette ordet. Kva eit menneskje elles vilde vera elder gjera i verdi, so var det hans fyrste og strengaste skyldnad aa «vera med i den aalmenne strid med naturen til aa halda uppe livet baade for seg og andre;» for livet sjølv er det fyrste; fyrr ein kan tenkja paa noko anna, maa ein fyrst ha sikra det. «Aa halda seg burte fraa denne striden, elder eta det andre avlar, det er aa øyda andre sitt liv.» «Aa vilja tena elder hjelpa sine medmenneskje samstundes med at ein tek fraa dei livraadi, tvingar dei til aa arbeida og sakna meir en dei skulde, at ein sjølv kan leva i mak, er vanvit; det er meiningslaust aa tala um aa vera til gagn for folket, naar det livet ein fører tydeleg er til skade for det.»

Og Tolstoi, den rike greven og store diktaren, gav seg til aa arbeida paa jordi si som ein annan bonde.[1]

Folk bisna paa dette; heile verdi bisna. Tolstoi sjølv tykte i fyrstningi det var rart. Men han kom snart etter, at han hadde fare rett; og enno den dag i dag gjeng han bondeklædd og køyrer plogen, slær, høyar, og gjer alt som høyrer til paa ein gard, og skriv i millomstunder bøker, som all verdi les og undrast paa — og maa tenkja yver.[2]

  1. At han ikkje hev skift ut herregodset sit til andre som kunde trenga jord, kjem av at kona og dei fleste va baani hans er imot hans nye livssyn. Og han vil vel ingen tvinga.
  2. Fleire av desse skrifterne er umsette paa dansk, som: «Mørkets magt» (spelstykke), «For dødens domstol», «Gud-