Side:Tolstoi-boki.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

gjera en leggja seg ned og svelta i hel; — so hjelpelaus var han.

Men desse andre, som stod upp klokka fem um morgonen og stræva heile dagen og greidde seg med det dei tente, dei vilde han hjelpelausingen «hjelpa» — med dei pengarne han sjølv var med kvar dag og stal ifraa dei! Tjuven kom til den ærlege mannen og vilde i sin godvilje dela med han av det som den ærlege mannen sjølv med sitt slit og slæp hadde fortent! —

— No tok det til aa gry for grev Tolstoi, korleis han skulde leva.

Elder som han sjølv seier: han lærde aa spyrja rett.

Fyrr hadde han tenkt: kva skal eg, grev Tolstoi, den upplyste mannen og store diktaren, gjera til aa tena folket? No kom «angeren», den nye maaten aa døma sitt liv paa, og han spurde: kva skal eg, som ved usæle tilhøve hev brukt mine beste aar, ikkje til aa læra aa arbeida, men til aa studera maal, jordkunna, retslære, dikting, pianospel, tankebygningar, hermannsøvingar, — eg, som hev kasta burt mi tid til faafengde og fordervande syslur — kva skal eg taka meg fyre, at eg, trass i det at eg vart slikt eit gagnløyse-ting, kan gjera dei folk, som hev født meg og klædt meg i all denne tid og enno føder meg og klæder meg, like for dette?» — Og daa vart svaret greitt nok. Svaret vart: fyrst og fremst maa du slutta med aa gjera vondt. Fyrst og fremst maa du venda att med aa stela anna folks arbeid. Du maa fyrst og fremst sjaa til at du kan livnæra deg paa ærleg maate, ved eige arbeid; og naar du hev naatt so langt at du ikkje gjer vondt mot nokon lenger, so fær du prøva, um du attaat kan gjera litegrand