Side:Tolstoi-boki.djvu/140

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Nikita. Nei naar kvinfolka fyrst fær munnen paa lôs, kan ein ikkje faa stoppa han, kva ein so gjer. Kva er det for noko du no vrøvlar um burt i hytt og ver?

Akulina. Aa eg veit nok kva eg seier. Eg vil ikkje for all den ting bu under tak med henne meir. Eg jagar henne fraa garden; me kan ikkje vera saman. Ho vil vera kone i huset ho? Den tukthuskjeringi!

Nikita. Haldt no upp. Kva hev du med henne aa gjera? Slaa du berre ein strik over henne og haldt deg til meg. Det er daa vel eg som er mannen i huset. Eg gjer kva eg vil. Ho er ute av mitt hjarta, og no hev du teke romet. Eg spør ingen etter kven eg er glad i. Det stend i mi magt. Og so kan ho gaa heim og leggja seg. Eg hev henne her (slær seg paa styvlehælen). Hadde eg no berre munnspelet mitt! (syng).


I omnen dei bakar kringlor.
og grauten skin so kvit,..
So lat oss berre liva
og gledja oss den stund.
Eingong so kjerne dauden,
daa maa me alle burt....
I omnen dei bakar kringlor
og grauten skin so kvit....

Mitrisch (kjem inn, kastar pelsen og kryp uppaa, omnen. Akim som sit ut paa kanten og held paa ta paa seg gjev rom for han). So ja, no hev kvinfolka vore i