Side:Tolstoi-boki.djvu/139

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Nikita. Ut med deg! (puffar til ho).

Anisja (ute). Eg gjer ende paa meg!

Nikita. Aa pytt.

Anjutka (hyler). Aa—aa — aa! Mor, mi eigi kjære mor!

Nikita. Jau visst, ho trur ho skal skræma oss! — Kva hiper du for? Ho kjem nok att, syt ikkje! — Gakk so, og sjaa til temaskina. (Anjutka gjeng).

Akulina (samlar sine ting saman og legg dei i kista). Den skamløysa, kor kjeften gjekk paa ho! Men bid du! Eg skal flengja trøya hennar. So sant eg liver!

Nikita. Eg hev no kasta henne ut. Kva vil du so meir?

Akulina'. So som ho hev svina til dette nye plagget mitt, den purka! Hadde ho ikkje gjenge, skulde eg ha rive augo ut paa ho.

Nikita. No, ver no ikkje harm lenger. Kva hev du aa vera vond for? Var eg glad i henne so var det ei onnor sak.

Akulina. Glad i henne? Jau det var ei aa vera glad i — slik ei ule! Du skulde ha jaga henne fanden ivald, skulde du, du skulde ha late vore henne daa ho vart enkje, so hadde me no vore kvitt denne ugreia. Huset er likevæl mitt, og pengarne med. «Eg er daa kona i huset» seier ho. Jau det er ei rar kone! Ho hev teke livet av fyrste mannen sin og ho vil gjera det same med deg.