Side:Tolstoi-boki.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

seia seg sjølv, at dei var betre en folk av hans slag, — meir sjølvhjelpte, mindre «trengande»; for baade kunde dei arbeida, og dei kunde den kunst aa greia seg med lite.

Daa vart grev Tolstoi flat. Her kom han, rikmannen, so gild og vilde «hjelpa», og naar han so rett skulde sjaa seg til, so var han sjølv ein hjelpelausare mann en nokon i heile «Festningi».

Han, snyltredyret, som all sin dag hadde levt av anna folks arbeid, han, dugløysa, som ikkje kunde blenkja sine eigne styvlar elder koka sin eigen te, han som ikkje kunde leva ein dag, um han ikkje hadde hundrad framande hender til aa hjelpa seg med kvar den ting, — han kom her og vilde «hjelpa» dei, som med slit og forsaking hjelpte ikkje aaleine seg sjølve, men var med og tente mat og klæde og rikdom til honom med, — til honom og alle hans «upplyste» jamlikar! Kva var dette for vanvit? Hadde han ikkje bore seg aat som ein mann som vil hjelpa andre upp or eit dy, og so ligg han sjølv nedsokken i dyet til heilt uppi haargarden?

Han hadde vore hermann? Gjort bøker? — Ja — slikt innbilt arbeid, som rikfolk brukar til aa løyna burt den sanningi med, at dei vil leva i mak av framandt stræv, og til aa slaa i hel den tidi med som elles vilde falla dei altfor lang, — det hadde han vore med paa. Men verkelegt arbeid, det arbeidet som skapar mat, klæde, hus, varme, dei fyrste livsturfter, det som alle maa hava, og som etter naturens og Guds lov kvar skal skaffa seg sjølv — for gjer han ikkje det, maa han stela av andre folks avling, — slikt arbeid hadde han aldri gjort, og kunde han ikkje gjera, so at um dei andre vilde bruka sin rett og taka kvar sitt, so vilde kje han vita anna aa