Side:Tolstoi-boki.djvu/11

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Som ei sol lyste denne tanken upp for han, og dette ljoset fylgde han sidan. Men sjølvdraapstanken kvarv som ei myrk sky.

*

No hadde han trui. Men so var det spursmaalet, korleis han skulde leva, so det vart samhøve og samklang millom liv og tru. Her vart han leidd paa veg av noko som hende han i 1882.

Han hadde flutt til byen (Moskva) for eit bil, og det fall seg so, at det der skulde vera folketeljing. Tolstoi melde seg til aa vera med i dette arbeidet, som han meinte der kunde gjerast noko stort ut av.

Som mange av dei rike i denne tid kjende han seg pint av tanken um armodi. Det var fælt aa vita, at her var folk som fraus og svalt, naar han og hans likemenn levde i glans og glede. Tanken paa Lasarus hadde vorte til eit samvitsgnag for den rike mann; naar han sat ved sit gode bord og hugsa dei som svalt, vilde kje maten smaka lenger. Tolstoi ynskte, seier han, at armodi kunde verta avhjelpt, so at han heretter kunde leva sitt rikmannsliv i ro. Dertil hugsa han no Jesu ord um aa gjera vel og hjelpa.

No tenkte han som so: gjenom folketeljingi kan me rike faa greie paa armodi. Læra dei fatige aa kjenna. Og daa kan der sidan koma eit hjelpearbeid i gang, som det kan vera mon i. Snart vil daa andre byar og land fylgja det gode fyrdømet, og me kan faa ein ende paa denne samfundspest. At dei rike med glede vilde samla seg um dete arbeidet, kunde han ikkje tvila paa; han skreiv i bladi um den store tanken sin, og vilde sjølv vera fyregangsmannen.