Side:Tolstoi-boki.djvu/10

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


lærde Tolstoi av «den simple mann», og det var den, at livet maatte faa si forklaaring av trui. Den var det som i djupaste grunnen gjorde livet umaken verdt. Av aa sjaa paa sitt eige liv lærde han no det same. Like eins av aa sjaa paa soga; for all stad og all tid hadde det vore trui som heldt livet uppe; naar den slokna, hadde folk berre havt eit svar paa livsspursmaali, og det svaret var: sjølvmord; me hadde fenge livet for at me skulde kasta det burt. Men trui kunde gjeva eit anna svar, for di ho la noko evigt inn i livet, gav det ei uendeleg tydning, so at ikkje dauden sjølv kunde gjera det um inkje elder riva det sund for oss.

Dette vart so klaart for Tolstoi, at han berre maatte undrast paa, at han ikkje hadde set det fyrr. No galdt det, um han sjølv kunde vinna fram til denne trui; med andre ord: um han kunde finna att Gud. Ein ny lang strid maatte han her gaa igjenom. Kjensla sa: Gud er til; og naar han gav seg yver til den, vart han glad og trygg og fekk mod til aa leva. Men tanken kunde kje finna nokon Gud; og naar den fekk magti, var det som alt slokna att. Og paa nytt kom sjølvmordstankarne for han.

Men endeleg ljosna det. Ein fager vaardag forstod han med ein gong alt. Tenk! — her gjekk han og kunde kje finna Gud, og so var det Gud som var sjølve livet. Hans eige liv, og alt liv. No hadde han røynt det sjølv: «berre eg minnest Gud, so livnar eg; so snart eg gløymer han, døyr eg.» Kva var her aa leita etter? «Her er han, den Gud du ikkje kan leva forutan. Aa kjenna Gud og leva, det er same ting. Gud er livet, so vil nok det vitna um honom!»