Side:Tolstoi-boki.djvu/104

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Anisja. Fen maa vita det. Skam faa henne!

Peter. Nei det er ikkje til aa halda ut lenger! Det brenn i meg som eld. Og der renner de fraa meg allesaman og læt meg liggja her aaleine som ein annan hund, og eg hev ikkje so godt som eit menneskje til aa gi meg ein vatsdrykk. Aa! Men so rop daa paa Anjutka!

Anisja. Der er ho. Anjutka! Far din ropar paa deg.

Peter. Anjutka! ..... Aa! .... spring etter fasyster di.... og seg henne.... Aa! ..... at far maa tala med ho.... seg, at ho endeleg maa koma..... Aa — aa!

Anjutka. Det skal eg (vil springa).

Peter. Vent litt. Ho maa skunda seg. Seg it eg døyr .... Aa — aa! ....

Anjutka. Eg spring berre inn etter eit tørklæd. Eg er her paa timen. (spring).

Matrøna. (blinkar til Anisja. Stilt). Hugs no paa kva du hev aa gjera, gjenta mi. Gakk inn og rot upp i alle tølor og krokar. Leit etter penparne som ein hund leitar etter loppor. Eg skal nok tannfara mannen medan.

Anisja (stilt). Eg vert liksom litt meir moda naar eg er saman med deg. (til mannen i det same ho gjeng inn). Skal eg ikkje laga te til deg? Matrøna er her og vil lydast um sonen. So kan de faa dykk ein kopp saman.

Peter. Ja lat oss det. (til Matrøna). Godag, kone!