Side:Symra (1863).djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.

 4. Naar han kom paa dei rikaste Leider,
saag han tidt, at han litet var kjend;
men han visste ein Vyrdnad og Heider,
som kan bu i den armaste Grend.

 5. „Lat deim hava den Æra, dei kunna
og sin Rikdom og Styrke dertil,
naar som berre dei meg vilja unna
at faa raada min Arv, som eg vil.“

3. Dei gamle Fjelli.

 1. Dei gamle Fjell i Syningom
er altid eins at sjaa,
med same gamle Bryningom
og same Toppom paa.
I Bygdom byggja Sveinarne,
og Huset stender laust;
men dei gamle Merkesteinarne
dei standa lika traust.