Hopp til innhold

Side:Symra (1863).djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Heppen den, som var so hæv,
at slik ei Gaava han aatte
og kunde gjera so gilde Stev,
at Folket læra deim maatte.

————————

Eg hever freistat so einkvar Gong,
um sjølv eg Stev kunde gjera;
men sjeldan fekk eg so min Song,
som helst han skulde vera.

Det vantar nokot paa Kraft og Vald.
Um Tanken er varm nog inne,
naar han kjem ut, so er han kald;
han fester seg aldri paa Minne.

Difyre legg eg so litet fram;
eg vil inkje Tidi spilla.
Det skal inkje verda so lang ein Glam:
eg vil berre Harpa stilla.

————————

Symra[1] teiknar til Sumars Bil;
um Vaaren tidla ho blomer;
men fleire Blomar maa koma til,
naar Kulden or Markom rømer.

  1. Vaarblomst, (Kvitvise=Anemone).