Hopp til innhold

Side:Symra (1863).djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Fyrestev.

So ymse Folk eg kjenner til,
som hava Hug til at kveda;
og faa dei nokot, som høva vil,
so hava dei rett si Gleda.

Men strengt om Stevet døma dei,
og Fusk er faafengt at bjoda;
til klena Visor dei segja Nei,
dei ropa berre paa goda.

————————

„Kom med Visor, og helst av deim,
som kvika og inkje krenkja;
slikt som hever vaar eigen Heim,
og slikt som me sjølve tenkja.“

„Tenk paa deim, som turva Mod,
Som standa i Tvang og Trengsla.
Ei liti Hjelp var fulla god,
naar Hugen stend i Stengsla.“

————————

Heppen var den, som hadde Dug
at kveda Tanken til Ende,
so dei, som høyrde, fekk same Hug
og sjølve det same kjende.