Det er so vondt at vita, at ut i Landet der
skal vera større Byar og større Hus en her.
4. Ja, der er Husi høgre med fleire Fargar paa
og myket større Salar i Husom til at sjaa
og fleire Folk i Gata og myket større Skraal
og fleire stora Beker og frægare Maal.
5. Der er det fleire Kjolar, og ny er kvar ein Klut;
med halvtaars-gamle Klæde feer ingen ganga ut.
Der er det fleira Fruer, som pryda kann sin By
med myket større Stakkar og finare Ty.
6. Der ut i andre Landet dei kunna halda Lag
med Drykkjer og med Retter av mange hundrad Slag
og standa stolt um Bordet og drikka si Skaal
med dundrande Talar i eit sprikjande Maal.
7. Ein Arming er no inkje den rike Mannen lik,
men endaa kann han braaka og laast vera rik;
og skurar han seg upp, er han lika blank at sjaa.
for Kroppen er vel jamgod, naar Klæde koma paa.
8. Det er den største Gleda, ein liten Fyr kann faa,
at han slepp upp i Høgdi, so Folk maa honom sjaa;
Side:Symra (1863).djvu/35
Utseende
Denne siden er korrekturlest