Hopp til innhold

Side:Symra (1863).djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


 5. Og stødt vil Uvitingen vona,
at ingen fekk Vit utan han;
og stødt vil han skjemma og tjona
den Ting, som han sjølv ikkje kann.
Alt gamalt han ned vilde grava,
naar berre so vist han slapp til.
Men endaa den Voni me hava:
han vinn ikkje alt, som han vil.

19. Høgferd.


(Tone: Du Olemann i Høydal, no kann du Vera blid.)

 1. Alt det som no skal duga, det lyter vera stort;
for upp i Høgdi vilja no alle Folk so fort.
Det teiknar til, at alle den same Hugen faa
at fara som dei store, og inkje som dei smaa.

 2. Dei unge gilde Gutar dei tykja, det er ilt,
at andre Land skal hava so ofsa myket gildt,
at Folket der kann skrøyta og kosa seg so godt
og skræma sine Grannar og hava deim til Spott.

 3. Det er ein Harm at høyra ifraa eit annat Land.
at der er større Rikdom og alt i større Stand.