Hopp til innhold

Side:Symra (1863).djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


 3. Naar arme Hunden kjenner Angen
av Kjøtet paa det varme Fat,
daa lyt han halda Hugen fangen
og venta paa ein verre Mat.
Daa er det best, han snur seg fraa det;
han fær so aldri det, han vil.
D’er best, han aldri tenkjer paa det
og aldri veit, at slikt er til.

 4. Naar so me verda undan trengde,
der Flokken finner Sessen sin,
og naar me verda utestengde,
der alle hine sleppa inn,
daa er det best at inkje sukka,
men helder so laast inkje sjaa;
for skal ein harma seg og mukka,
so fær ein berre Spott attpaa.

15. Tolugt Mod.

 1. Tolugt Mod er godt at hava.
Tidt mot Straumen fær du kava,
um din Rett er nog so god.
Umist fær du sjaa og høyra,