Side:Symra (1863).djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
6. Vaardagen.

 1. Upp av Krakken!
Sumarsoli skin i grene Bakken;
Jordi hever fenget Helgar-Plagget paa,
Skogen stend i Lauv so lysteleg at sjaa.
Livet lettnar,
Vollen turkar seg, og Vegen slettnar.

 2. Varma Guster
leda Lauvet paa dei grøne Ruster.
Nyst var Regn, og Jordi fekk sit milde Bad,
reint er kvart eit Straa, og laugat kvart eit
Toppen sprikjer,
Blomen slær seg ut, og Bladet slikjer.

 3. Inn um Glaset
fær eg Angen av det grøne Graset.
Vist er Vinden rik paa Liv og Lækjesaft;
ut eg vil og sanka Helsebot og Kraft;
alt for lenge
sat eg inne som ein Fugl i Stenge.

 4. Kvar ein kagar,
altid nokot nytt seg uppedagar.
Nye Blomar spretta fram paa alle Rom;