Side:Symra (1863).djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


 2. Der var Dalar og Lider nog,
der Lur og Bjøllor klungo;
Der var Ruster og fager Skog,
der tusund Fuglar sungo.
Tett med Stova stod ei Bjørk so breid,
der hadde Skjorerna sitt gamle Reid,
Staren song i kvar ein Topp, som beid,
og Erlor i Tunet sprungo.

 3. Heima var eg so vida kjend
og slapp inn, kvar eg vilde,
i kvart Hus i den heile Grend,
um endaa Folket kvilde.
Der var Kjenningar i kvar ei Kraa
og naar eg ukjende Folk fekk sjaa,
spurde eg radt, kvar dei var ifraa,
og dei var lika milde.

 4, Var det nokon, som der leid vondt
og vardt fyre Tap og Spilla,
braadt det spurdest um Bygdi rundt
og alle tykte, det var illa.
Ofta minnest eg mi gamle Grend,
naar eg framand ut i Verdi stend,
heimlaus, frendelaus og litet kjend,
og likar paa Leiken illa.