Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
Stygbødne.

Dæ va ei Gong lengje sta ein Ekkjemann, so hadde tvau Bødn, ein Gut o ei Gjente. Daa dæ lei um ei Ri, gjifte han se atte mæ ei Gjyger. Hona agta sakte ikji um dæ, at Stygbødne hennar vøro fine o snille; ho va arg o lei ve dei seint o tile, rae o støtt, so so Stygmøradn jamble era; men Døtte hennar eie, so va baade stygg o illskji, hona va ho go ve.

Daa no More mest inkje trotta sjaa Guten, men lamra me Kjafte o hundelet han rae, ner han va inne, tørde han sjelda stogge heimele ve; han to se fere te rangle baade hit o dit, baade eistan o arestan alle Daga.

Ei Gong hadde han kome te vingla aav inni Skogen. Der gjekk Kungsson jamt o samt o skaut, – før sleke Kara, so sko gaa i Ferespeisen, um de vart Ofre i Lande, ljøte no lære se te bli goe Skjyttara, kann ein væl veta. So va dæ ein Dag daa, at Kungsson trefte te koma skjele dit, so Guten va. Daa Guten fekk sjaa dena greske Karen koma te Motars me se, klauv han aav uppi eit