Hopp til innhold

Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/85

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
77

vandt Ord, sporde ho, ko dæ eitte, um ho visste dæ alder so væl sjøl, maa veta. Han stava o sveitta, o stava att o sa henne so vilt fere, at dæ bar heilt taa Leien. Est han kji va go te gjeva di noko Navdn, so sa han: „De meinast kji noko me ’sa; du kann hoppe over detta.“ Me sko sia greie bere ut, baade ko Skulemeistaradn kunna, o ko Ungadn lærde.

Vøro dei gamble Skulemeistaradn lite boklærde, so kunna dei so mykji bere mæ slaa o dengje. Detta voro dei glupe te alle, anten dei voro sleke ell sleke hellist. Dæ fyste Skulemeistaren gjorde, ner han kom paa Garden, va o gaa aat Beitakøste o finne se ein dygtig Svegji, so han la uppaa Skaaptake ell stakk uppmæ Glasrammun paa Hægsetglase. Fyste Dagen dæ va Skule paa ein Gard, søto Ungadn o skjyggla o glytte upp te dei nye Meistar Erike, dei hadde faatt. Dei vilde finne ut, um han va større ell mindre ell mjukar ell stivar ell smaagreinutar en han, dei hadde lagt atte paa heno Garde. Va han fælt smaagreinut, slimsin o sprettin, so visste dei ifraa gamalt, at dæ svei noko drjuglaga ette hono. Va dæ ein hælvturr, taggut Kranglekvist, so vørde dei hono kji mykji, um han va alder so lang o degar. „Dæ tæ’ kji noko før ho’!“ sa dei, o dei so vøro sæle, dæ va dei. Est han Meistar Erik va altfor mjuk o altfor læjandis o søt o smørbli, so kann du vera trygg um, han fekk Føta mæ daa, so snøgt so Skulemeistaren vikte se derifraa. Trast ette fekk han skjele gøtt Bruk før Mæhjølpare seno; daa va Mæhjølparen burte. Skulemeistaren froga o sporde, kor dæ hadde vørte taa hono. Ingjin visste dæ, maa veta. „Kanskji han ha vørte skuva lenger inn paa Skaaptake?“ sporde noko taa dei treistaste. Skulemeistaren saag