Hopp til innhold

Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/81

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
73

Daa tverstana Øyken, o dæ va kji Raae skaft faa han taa Stae. Ve han sat venta paa, at Øyken skulde ta te raggle paa att, to han upp Fela si o te laate. Ress so dæ va, fekk han sjaa ei heil Horg, so spelte o dansa burt unde Kjæro. Dæ va Kar o Kvinnfolk, unge o gamble – ein heil Døtt taa dei. Daa han Jørn tok te paa trea Laatten, steig dæ fram ein or Dunga: „du prilla kji skjele gøtt mæ Veslefinge,“ sa han o braut Fingen fram o attende, so han Jørn fekk Stannfing,“ alt han levde ette. Der sat han o let, te Dagen rann; daa rakkla Øyken att i Vegen sjølvo se. Heile Dansarly’n va kvarvin burt. Ve Duggurdsleite Joledagen kom han Jørn heim te Følke seno.

Han vart ein namgjetin Spelemann. Han va so go, at han i eit Bryllaup paa Røn let eit mett Brennevinglas taa fremdre Bordsenda aat dei ættre, der han sjøl sat. I eit Bryllaup uppi Vang va dæ ein Spelemann eitte Nordlanden, so ogso va noko umframt. Han let aav Kvinten i Felun hass Jørn. „O æ du sleke Kar!“ sa han Jørn, stilte Fela si o skar i mæ ein Laatt. „Au!“ sa dæ i Felun aat Nordlande, o i di sama sprang Kvinten. „Au!“ sa dæ ei Gong te, o so sprang dæ ein an Streng. „Au, au!“ sa dæ, o Fela aat Nordlande va strengjilaus. – Sia han Jørn Hilme døydde, ha dæ kji vøre Spelemann i Valdris, so dæ ha vøre noko mæ, o klendre o klendre bli dei. Ro drivst dæ so mykji paa mæ ’sa Belgjispelo no. Ner ein vaaga se te ganga paa engor Moroe, veit ein mest inkji, kor ein ska gjera taa Øyro si. Dei Laattadn, ein kann faa fram paa eit Belgjispel, æ no væl dæ ljøtaste Læte, so i Verd’n finnst, veit e. Dæ æ nokk eit anna Ljø i Felun daa.