Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
VI

er paa Dikt, so eig ho daa iminnsto Ordtøke. Tyskland og Spania hev ein Ordtøke-Samning paa 30,000, Ryssland endaa fleire. Gamle Norig kann her møta fram med berre eit litet Band: – dei ero ikkje uppskrivne!

Um Boki, som ho no er, hev eg faatt aa segja. Æventyri og største Deildi av Segnerne ero uppteiknad i Valdris; ein liten Lut av deim er ifraa Hallingdal; her hev eg og funnet ei nokre av Gaaturne. Maalet og Skrivemaaten er – som Lesaren ser – ikkje heiltupp eins allestader. Detta kjem seg nokot av di, at Manuskriptet hev vortet til smaatt um Senn, og nokot av di, at eg vilde faa Uttala i Valdris til aa høva ihop med Landsmaalet – Skilnaden imillom deim er i Grunnen heirsleg liten –; men den største Orsaki til dette er, at Boki er meint paa skal vera ein Spegill av Maalet, som det talast (av dei aldrugaste) i heile øvre Valdris. Eg hev soleids stendigt teket dei Ordi, som stod Fornmaalet nærast – det hev kvittad eit fyr meg, anten dei so hev høyrt heime i Vang, i øystre elder i vestre Slire. Eg veit nokk, at det eine Sokn hev Hug til aa sinna aat Tala i eit annat eit; – men jamleg er det dei ægtaste norske Ord, det vert lætt aat. Det er soleids berre Faakunna, som lær aat slikt. Nei! det eine Sokn hev myket aa læra av hitt. Nær Lesaren finn fleire ulike Former her jamsides i Boki, so er soleids detta ikkje berre Vingl, men med Vilje gjort so. – Fyr at Boki kunde verta lett-lesi er Skrivemaaten nokoleids etter Uttalen. – Eg lyt ikkje gløyma aa takka paa det beste E. Moen og mine mange andre Forteljarar.

Daa eg budde so langt ifraa, og Tidi var stutt, fekk eg Høve til aa lesa berre ei nokre Korrekturark, og dei med