Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
Fyreord.

Alt i Masjonsaaret tok eg til aa uppteikna Æventyr og Folkesegner og fekk ikkje so reint litet helder. Det umsette eg daa paa Bokmaal; men som ventande var, misste dei fagre Folkedikt daa baade Daam og Lit: det var knapt nokk, eg sjølv drog Kjennsl paa deim i den nye Bunaden. So vart eg kjeid og grytte det alt paa Elden.

Fyrr ei nokre Aar sidan fekk eg Hug til aa freista aanyo; men i Millomtidi hadde me fenget fleire Kransar av Folkedikting herifraa. Allemann spaadde paa, at ikkje berre dei vænaste, men alle Blomarne voro longo sidan avhøystad; eg meinte det halvt so sjølv og; men med Kjærleik til Verket tok eg fatt: gjekk drjuge Snertand etter ei nokre Ordtøke og gjorde heile Dagsskeid etter eit Æventyr, som eg hadde fenget Spurlag paa, og idag hev eg daa den Gleda aa gjeva Sambygdingarne mine, og andre, dei beste Frukterne av dette Arbeidet mitt. Eg gjet um dette her, so eg fær Høve til aa uppmana Menn i andre Bygdarlag til aa skunda seg teikna ned den Folkediktning, som enno finnst, fyre det vert for seint. Nokot finnst det altid. Kor aud og arm ei Bygd