Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/55

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
47

sagt, kom dæ ei gamal Hurpe or heno Støgon o to te froga han so ette Tobak, at dæ va omogele. Han slapp henne ikji, før han laut te Gards o faa Tobak aat henne. Men dæ, so va de rarast ve detta, va, at hona heldan ikji brukte Tobak, ho korkji snusa, togg ell brukte Pipa.


Presten paa Vøss.

Dæ va ei Gong ein Prest paa Vøss, eitte – ja no ha e gløymt taa, ko Presten eitte; men e trur Klukkaren eitte Jæger. Detta lyist no alti ut te vera eit rart Navdn før ein Klukkar, men e trur skjele han eitte dæ lell.

Dena Presten hadde Svartekunstboke, o dæ skull vøre Kar so jamble brukte ho mæ. Men ei Gong hadde Døtte hass faatt fat i Boke o las o løyste hin Mann, ve Presten sto paa Predikstole o la ut ein Synndag. Han kjende dæ paa se, at ikji alt va, so dæ skulde vøre, skunda se sa Amen mitt i Talun si, gauv paa Døre o hylte heimatt, so den Vonde sjøl ha vore i Hælo paa hono. Ølmugin sto atte paa Kyrkjibakka o sprovde o stirde; dei hadde kji noko gjera i Kyrkjun, ner Presten va burte. I Gange i Prestgardsbygnae møtte han Bøyge. Daa han fekk Auga paa Presten, sporde han trast ette Arbei. „Du ska leggje Reip taa Sand nepaa Fjøven her, den lange Rækkel du æ!“ svara Presten. Ja, han to te leggje, o Presten to te binde. Men no hadde han gjort noko gale Presten, so han hadde kji gjort gøtt atte fere, o dugde so ikji noko, so Styggen vilde te blia stygg ve Presten. So laut han sende Bø ette Klukkare. O ja,