lite Høl paa Likduke beint over Bringa hass. Dæ saag skjele ut, so ei Mus skulde ha skøre Hol paa. Dei toko te endeseta detta, lyste Duken varle ifraa o fingo daa Auga paa eit svart Dyr paa Skap so ei Mus; dæ sprang att o fram ette Skrøtte hass o va so omogele ansamt. Før kor Gong dæ hadde vore neve Føtadn hass, kom dæ att mæ ein svart, lortut Syllskjiling o la paa Hjarta hass. Dei støndo stirde paa detta ei go Ri; men detta vesle svarte Dyreliknilse dreiv paa mæ di sama o alder ende ette dei. Dei saago væl aat neve Føtadn; men der fønno dei ingjin Ting. Kor dæ fann Syllpeingadn visste dei kji. Eiskrele o rart va dæ før dei, so saago dette mæ, allvissa ner dei hugste paa, ko mykji han hadde helde taa Peinge, o ko hard han hadde vore imot dei simple.
Du ha væl høyrt gjete noko dei kalle Maro. Ho ska vera paa Skap so eit Kvinnfolk, men dæ æ no kji gøtt o segja dæ skjele visst, før dæ æ sjelda ho syne se; men ho kjem sumbla Næta o legg se mitt uppaa de, so lang ho æ, ho te so tunge, at du mest ikji faar teva, o so stive bli du, at du mest ikji e go fere lea paa ein Lepe eigong. Est du daa æ go fere lesa Fadervore ditt ve de sjøl, so lyt ho reise, ner du kjem so langt so te dei Ordo: „Lei uss inkji inn i Freistils“. Daa dett ho paa Golve, so dæ kless i henne, skjele so ner ein sleppe ei dugele Knøo nepaa Bakstefjøle. Ko dæ æ før noko dæ,